Våre reise- og utleigevilkår

Du må forstå og akseptere desse vilkåra før du kjøper ein tur eller leiger utstyr frå Gloppen Aktiv

Gloppen Aktiv arrangerar turar og aktivitetar, og leiger ut utstyr til eigenturar og eigenaktivitet som tar som mål å gi gjesten opplevingar i naturen. Vi held oss til Lov om kontroll med produkter og forbrukertjenester (produktkontrolloven) av 11. juni 1976 med tilhøyrande fråsegner.

 

At ein er på tur i ulike naturmiljø og -landskap, stiller krav både til oss som turfasilitator og til deltakarane våre. Dei ulike naturmiljøa stiller ulike krav, og kan gi ulike utfordringar. Skiftande vær og tilhøve krev fleksibilitet både frå arrangør og deltakarar, og det kan derfor vere at det på kort varsel må gjerast endringar av skildra turprogram. Om vi har tid og høve, vil desse endringane bli meddelt før avreise. I alle høve vil vi prøve å finne alternativ som ligg så tett opp til dei planlagde opplevingane som mogleg, og innanfor same prisramme. Endringar eller kanselleringar på grunn av tilhøve som Gloppen Aktiv ikkje rår over, gir ikkje rett til refusjon av billettar.

 

Informasjonen i dette skrivet er saman med skildringa av produkta som er kjøpt, avtalegrunnlaget mellom Gloppen Aktiv og kunde.

 

Vi nyttar dyktige guidar på turane våre, men likevel er det ved ferdsel i naturen alltid ein risiko for at det kan skje ulykker. Som kunde av oss, må ein vere innforstått med denne risikoen, og ein må følge guiden sine instruksar for å minske risikoen mest mogleg.

Deltakaransvar

  • Som deltakar på turar, eller ved leige av utstyr frå oss, pliktar du å ha ei fullgod reise- og ulykkesforsikring. Ver merksam på at einskilde reiseforsikringar set begrensningar i høve aktivitetar ein kan utøve og område ein kan besøke.
  • Våre turar krev ferdsel i ulike naturmiljø og landskap. Du pliktar sjølv å vere i tilstrekkeleg god fysisk form til å kunne gjennomføre turen du har meldt deg på basert på turskildringa på nettsidene til Gloppen Aktiv. Om det er ein skreddarsydd tur, vil informasjonen som er gitt munnleg og/eller skriftleg frå Gloppen Aktiv vere referanseramme for kva fysisk form som er tilstrekkeleg. Vi tilskriv oss retten til å avvise gjestar som ikkje held tilstrekkeleg fysisk, psykisk eller teknisk nivå.
  • Du er ansvarleg for å gi Gloppen Aktiv beskjed ved endring av kontaktinformasjon.
  • Du har ansvaret for å meddele informasjon som er viktig for oss som turfasilitator.
  • Du har plikt til å rette deg etter dei reglar og ramme gitt av myndigheiter, Gloppen Aktiv, og Gloppen aktiv sine samarbeidspartnarar og leverandørar.
  • Du har plikt til å oppføre deg slik at det ikkje er til sjenanse for lokale eller medreisande.
  • Om du ikkje følgjer ditt deltakaransvar, har Gloppen Aktiv retten til å nekte deg å halde fram aktiviteten eller turen. Deltakar må sjølv dekke eventuell heimtransport og andre kostnadar som kjem som følgje av handlingar som strid med deltakaransvaret.

Gloppen Aktiv sitt ansvar

  • Gloppen Aktiv pliktar å gjennomføre avtalt program, med atterhald om eventuelle endringar basert på vær og tilhøve som Gloppen Aktiv ikkje rådar over.
  • Gloppen Aktiv pliktar å stille med førebudde guidar som både har god kunnskap om trygg ferdsel og er dyktige formidlarar av turopplevingar.

Bestilling, betaling, avbestilling, reklamasjon og refusjon

  • Bestilling på nett er bindande ved godkjent transaksjon, og kan ikkje refunderast eller endrast dato på.
  • Betaling skjer ved bestilling på nettside. Ved gruppearrangement kan vi fakturere kunden, men dette må avtalast på førehand.
  • Om sjukdom som kan stadfestast av lege, hindrar deg i å delta på bestilte turar, eller bruke leigd utstyr, betalar vi tilbake 90% av beløpet for den det gjeld, med atterhald om at skaden skjedde mellom bestillingstidspunkt og avreise.
  • Ved turstart/leigestart må det visast kvittering med QR-kode for bekrefta bestilling. For å redusere papirbruk, ønskjer vi at du viser kvitteringa på mobil i staden for å printe ut og ta med.
  • Om du meinar du har opplevd ein feil eller mangel ved eit av våre produkt, må dette takast opp med guiden eller Gloppen Aktiv med ein gong. Om feilen/mangelen ikkje blir utbetra, og du ønskjer å reklamere, må dette gjerast skriftleg og begrunna innan 1 månad etter turen var ferdig.
  • Om det skulle vere ulik oppfatting av vilkår og program mellom Gloppen Aktiv og kunde, kan ein bringe dette inn for eit tvisteløysingsorgan.

Personvern

  • Vi oppbevarar all personinformasjon i tråd med norsk lovverk, og delar den ikkje utan løyve.
  • På turar og aktivitetar vil det ofte bli produsert bilete- og videomateriale til bruk i marknadsføring. Om ein ikkje ønskjer å vere med på slikt materiale, må ein gi guiden beskjed om dette ved avreise.

 

Særskilt for leige av sykkel

  • Leigetakar måvære fylt 18 år eller ha ein fullmektig som er ansvarleg for leige av sykkelen.
  • Vi ønskjer å fortsette med å leige ut syklar av god kvalitet. For å kunne oppnå dette utan for store kostnadar ber vi deg om å behandle utstyret godt. Leigetakar har plikt om å melde frå dersom det har oppstått feil eller manglar på utleigeeininga/tryggleiksutstyret i utleigeperioden.
  • All ferdsel er på eige ansvar. Utleigar kan ikkje ta på seg ansvaret for personlig skade, tap eller skade av personlege eigendelar dersom dette skulle inntreffe medan sykkelen disponerast av leigetakar. Utleigar kan heller ikkje ta på seg ansvaret dersom leigetakar ikkje får fullført leigeperioden på grunn av dårleg fysisk form, eller dersom sjukdom/skade skulle inntreffe medan sykkelen er utleigd.
  • Vi oppfordrar til at leigetakar nyttar tryggleiksutstyr. Ved leige har du høve til å få med hjelm, hanskar og knevern utan ekstra kostnad. Leigetakar forpliktar seg til å ta omsyn til natur og underlag, samt til andre brukarergrupper av naturen.
  • Leigetakar er ansvarleg for å dekke tap av sykkelen dersom han skulle bli stolen i utleigeperioden. Erstaningskravet er avgrensa til marknadspris.
  • Utleigar anbefalar at leigetakar har gyldig forsikring som gjelder dersom ulykke skulle skje eller sykkelen skulle bli stolen.
  • Dersom sykkelen blir levert inn etter avtalt tidspunkt kan det kome ekstra leigekostnadar som tilsvarar ekstra døgnleige.
  • Når ein leiger syklar frå Gloppen Aktiv må ein lese og akseptere NOTS sine stivettreglar:
  1. Vær omtenksom og hyggelig i møte med turgåere.
  2. Du har alltid vikeplikt for fotgjengere
  3. Begrens farten slik at du ikke er til fare eller ulempe for andre, særlig langs veier og stier som innbyr til høy hastighet, eller i uoversiktlige partier.
  4. Brems ned til gangfart i god tid før du passerer andre på en smal sti.
  5. Ikke lag nye spor, dersom du ikke har ferdigheter til å forsere en hindring, gå av sykkelen.
  6. Unngå å sykle på spesielt sårbare stier like etter perioder med mye nedbør.
  7. Ikke lag stien bredere ved å sykle utenom vanndammer eller hindringer.
  8. Bær sykkelen gjennom myrområder slik at det ikke dannes dype spor.
  9. Ikke lås bakhjulet i bratte nedoverbakker.
  10. Dersom to syklister møtes i en bakke, har den som sykler oppover forkjørsrett.

Særskilt for leige av kajakk

  • For å leige kajakk frå Gloppen Aktiv, må ein ha fylt 18 år, og ha våttkort frå Norges padleforbund, eller tilsvarande sertifisering.
  • Om ein har våttkort, kan ein leige kajakk til 1 person som ikkje har våttkort, men vi anbefalar at alle tar våttkortsertifiseringa.
  • Ein må vere godt førebudde på endringar i vær, vind og straumtilhøve, og alltid legge ut på tur etter evne.
  • Vi ønskjer å fortsette med å leige ut kajakkar av god kvalitet. For å kunne oppnå dette utan for store kostnadar ber vi deg om å behandle utstyret godt. Leigetakar har plikt om å melde frå dersom det har oppstått feil eller manglar på utleigeeininga/tryggleiksutstyret i utleigeperioden.
  • All ferdsel er på eige ansvar. Utleigar kan ikkje ta på seg ansvaret for personlig skade, tap eller skade av personlege eigendelar dersom dette skulle inntreffe medan kajakken disponerast av leigetakar. Utleigar kan heller ikkje ta på seg ansvaret dersom leigetakar ikkje får fullført leigeperioden på grunn av dårleg fysisk form, eller dersom sjukdom/skade skulle inntreffe medan kajakken er utleigd.
  • Vi oppfordrar til at leigetakar nyttar tryggleiksutstyr. Ved leige har du høve til å få med spruttrekk, åre, flytevest, og våt-/tørrdrakt utan ekstra kostnad. Leigetakar forpliktar seg til å ta omsyn til natur og tilhøve, samt til andre brukarergrupper av naturen.
  • Leigetakar er ansvarleg for å dekke tap av kajakken dersom han skulle bli stolen i utleigeperioden. Erstaningskravet er avgrensa til marknadspris.
  • Utleigar anbefalar at leigetakar har gyldig forsikring som gjelder dersom ulykke skulle skje eller kajakken skulle bli stolen.
  • Dersom kajakken blir levert inn etter avtalt tidspunkt kan det kome ekstra leigekostnadar som tilsvarar ekstra døgnleige.