Fullstendig oversikt over alle våre produkt. Er det noko du ikkje finn, eller skulle ønske vi kunne tilby deg? Send oss ein e-post, vel.

Skredkurs - 3 dagar - 11.-13. januar

For deg som går på topptur eller ferdast i bratt lende, og ønskjer å lære om skred, vær, forhold, kameratredning, og ikkje minst - korleis finne den gode snøen. 3 dagar med naturleg progresjon der vi bygger stein på stein med kunnskap og kjennskap.  Lokal helt Sigurd Felde er internasjonalt godkjent fjellførar og er den som held kurset.

FraNOK 3'700
Bestill nå!

Utleige av stisykkel

LEIG EIN SYKKEL SLIK AT DU KAN UTFORSKE GLOPPENATUREN! Vi har syklar du kan ta ut av vegen og i staden utforske det store sti- og grusvegnettet i Gloppen.  15 fulldempa stisyklar 2 el-syklar DETTE ER INKLUDERT: Sikkerhetsutstyr: Hjelm, hanskar og kne-beskyttarar.   HENTING OG LEVERING: Syklane kan hentast og leverast ved Intersport Sandane eller på Nordfjord Folkehøgskule.  Ta kontakt dersom det er ønskjeleg med ein annan hente- eller leveringsstad. Det kan komme tillegg i pris for frakt.   WIDERØE'S FLY AND BIKE: Dersom du bookar sykkel gjennom Widerøe's "Fly and Bike", så husk å gje oss beskjed om at du ønsker å hente sykkelen på flyplassen, kva type sykkel du ønsker samt ankomsttid. Dette kan noterast i notatfeltet ved bestilling. PRIS: 24t leige: Fulldempa stistykkel: kr 580,- El-sykkel: kr 480,-   Ta gjerne kontakt for tilbod dersom du ønkjer å booke sykkel for meir enn eit døgn. Stisyklane er av typen GIANT 16 TRANCE 27.5 og Rocky Mountain 2018-modell   Vi oppmodar til å nytte sikkerheitsutstyr og å ta hensyn til veir og vind ved val av løype.  Vi anbefaler også at du tek med vindjakke og sekk med drikke på turen. 

FraNOK 480
Bestill nå!

Skredkurs Ungdom - 3 dagar - 19. - 21. februar (vinterferien)

Skredkurs spesielt tilpasse ungdom som går på topptur eller ferdast i bratt lende, og ønskjer å lære om skred, vær, forhold, kameratredning, og ikkje minst - korleis finne den gode snøen. 3 dagar med naturleg progresjon der vi bygger stein på stein med kunnskap og kjennskap. 

FraNOK 3'700
Bestill nå!

Toppturhelg - 4 dagar i Nordfjord

La ein dyktig lokal guide finne den gode snøen som gir deg den kjensla av flyt du leitar etter! Kvifor? Fordi Nordfjord er ei uoppdaga perle der sjansen for førstespor er stor. Kva? 4 dagar med flotte toppar, vestnorsk utsikt og gode opplevingar. Kva toppar og sider vi køyrer, blir bestemt ut frå vær og snøtilhøve. Men Nordfjord er vår leikegrind! Tindevegleder med gode lokalkunnskapar. Kven? For deg som vil kunnskapen til våre dyktige guidar skal gi deg den ekstra dimensjonen turen din treng; Den lokale kunnskapen og den profesjonelle tilnærminga til å finne den gode snøen! Når? 14. – 17. mars, og 21. – 24. mars. Oppmøte kvelden før for å bli kjende med gruppa over ein kopp kaffi (pils).

FraNOK 6'500
Bestill nå!

Opplev Gloppefjorden frå kajakk

Du kjem ikkje nærare fjorden enn med kajakk! Opplev det karakteristiske fjordlandskapet i Gloppen. Gloppefjorden er omringa av fjell på godt over 1200 meter, men dei flatar ut mot foten, så små vestlandsgardar har gode tilhøve for både fruktdyrking og dyrehald. Det opne landskapet gir ei flott ramme rundt kajakkturen, og våre guidar tar deg med på ei reise både i natur og kultur. Vi padlar i nærleiken av eit fuglefredingsområde, så det er eit yrande fugleliv.  På vegen nyt vi medbrakt niste frå lokale produsentar, og tillet været det, kan vi ta eit lite bad. Uansett kva førkunnskapar du har, ønskjer vi at du blir med oss å utforske fjordlandskapet frå sjøen.

FraNOK 990
Bestill nå!

Utleige av kajakk

Vi leiger ut kajakkar med utstyr. DETTE ER INKLUDERT: Kajakk, spruttrekk, åre, flytevest, tørr-/våtdrakt HENTING OG LEVERING: Kajakkane hentast og leverast i Grandeparken på Sandane eller på Nordfjord Folkehøgskule.  Ta kontakt dersom det er ønskjeleg med ein annan hente- eller leveringsstad. Det kan komme tillegg i pris for frakt. PRIS: 490kr per døgn For å leige kajakk, må du ha fylt 18 år, og ha våttkort (NPF) eller tilsvarande sertifisering. Om du har våttkort, kan du leige kajakk til 1 person som ikkje har det, men vi anbefalar alle som padlar å ta kurs. Vi oppmodar alle til å ta omsyn til vær og vind ved val av tur. Ta høgde for at vinden både kan bli sterkare og snu. Hugs å padle nært land både for tryggleiken og opplevingane si skuld. Ta med godt med mat og drikke, og kle deg godt.

FraNOK 490
Bestill nå!

Fjelltur

  Vi kan guide deg der du ønskjer å gå. Den mest tilgjengelege turen med flott utsikt, er Haugsvarden. Dette er ein relativt enkel tur med god sti og fantastisk utsikt heile vegen. Her går ein forbi Tystadstøylen og over Norges lengste glop(trebru). På toppen ser ein både Gloppefjorden og Nordfjorden. Alt i alt er dettte ein flott tur som passer for dei aller fleste. Vi lagar gjerne mat i det fri eller sender med nistepakke fylt med lokale freistingar. Varighet: ca 3-4 timar Nivå: Middels Språk: Engelsk, norsk, nederlandsk Pris: NOK 500,- (inkludert bompenger) Oppmøte: Intersport Sandane (Sørstrandsvegen 6) Transport: Vi køyrer til Tystadstøylen Utstyr: Varme kle, regnkle dersom utrygt for nedbør, gode sko, drikkeflaske med vatn, niste Antal: Minimum 4 personar Noter i beskjedboksen ved bestilling dersom du har sjukdomar, allergiar eller liknande som vi bør ta hensyn til.  

Guida stisykling

Våre guidar viser deg dei beste spottane, dei hemmelege stiane, og den flotte naturen rundt. Men du må ikkje seie det til nokon, for det er framleis ei hemmelegheit. Terrenget i Nordfjord er svært godt egna for stisykling.    Eit eige samfunn har vakse opp rundt stisykling i Gloppen, og vi kan dermed tilby både erfarne og dyktige guidar som er flinke både til å finne eigna stiar til gruppa, og til å formidle naturopplevingane.   Eit stisykkel-senter med bærekraftige stiar og eigen klatresti er under utvikling på Vereide. Stiane kan nyttast uansett ver, og er godt egna til nybegynnarar.    Oppmøte: Intersport Sandane Transport: Vi køyrer i lag til startstaden Kle og sko: Sykkelsko eller joggesko, treningskle  Lengde: 4 timar Utstyr: Ta med deg ein sekk med ei ekstra varm jakke/fleece og litt mat og drikke Språk: Engelsk og norsk   Om du ikkje har stisykkel tilgjengeleg er det mulig å leige av oss. Bestill sykkel her når du bookar guide. Sikkerhetsutstyr som hjelm, knebeskyttar og alboge-beskyttar er inkludert når du leiger sykkel. Dersom du tek med din eigen sykkel, anbefalar vi sterkt at du nyttar ditt eige sikkerhetsutstyr.  * Ferdigheter, ver og vind er avgjerande for val av tur/løype den aktuelle dagen. Noter i meldingsboksen ved bestilling dersom du har sjukdommar, allergiar eller liknande som vi bør ta omsyn til. 

Aktivitet - Teamutvikling - Moro

Kommunikasjonsverktøyet Diversity Icebreaker legg grunnmuren for engasjerande gruppeoppgåve og spennande aktivitetar. Den raude tråden med kommunikasjon og samarbeid går gjennom heile opplegget, og kombinasjonen av aktivitet, kunnskap og kollektiv deltaking gir eit varig utbytte for bedrifta. Gjennom kollektiv refleksjon, involvering av positive emosjonar, og sjølvsagt aktivitet, er Gloppen Aktiv med å gi deltakarane eit felles språk. I tillegg fokuserar vi på korleis vi som personar brukar ulike måtar å kommunisere på, og korleis ein kan utnytte likskapar og ulikskapar i teamet.