Om Gloppen Aktiv

Gloppen Aktiv

Gloppen Aktiv er eit guidebyrå for heile Fjordnorge basert i Gloppen i Nordfjord. Vår kompetanse strekker seg frå stisykling, via padling til klatring, ski og skred. Vi brenn for å formidle den gode kjensla det er å vere i flyt – den tynne linja mellom bekymring og komfort.

Våre guidar er dyktige og profesjonelle, og legg stoltheita si i å gi opplevingar som blir hugsa lenge.

Vi lev etter følgande mantra: Dristig, men trygt – Aktivt, men avslappa – Sporlaust, men set spor.

VÅRE GUIDAR

Vidar Nyhammer

Vidar er allsidig og aktiv mann som er med på det meste som er utandørs. Aller best likar han seg i klatreveggen, men er òg ivrig på ski, sykkel, i kajakken og på fjellet. På fjellet er mantraet hans, dess brattare, dess betre.

I tillegg til å vere guide, er Vidar prosjektleiar for Gloppen Aktiv. Han er utdanna i friluftsliv, og har bakgrunn som guide frå Svalbard. Han brenn verkeleg for formidlinga av den gode opplevinga.