Fjelltur

Forespørsel

Vi kan guide deg dit du vil. Eller vi kan finne den perfekte turen for deg og di gruppe. 
Fjella i Nordfjord inviterar til både korte og lange turar i både snilt og bratt terreng. Fortel oss kva du ønskjer, og vi skreddarsyr til deg. 
Fjordlanskapet gir ei storslått ramme rundt turen uansett kvar vi går. Guidane våre er dyktige både i høve tryggleik og formidling av naturen, og vi set stoltheita vår i å levere gode opplevingar. Så bestill den perfekte turen spesielt tilpassa deg.

Forespørsel

Høydepunkt

Forslag

Korte turar (2-3 timar)

  • Traudalsvatnet - ein kort tur inn til og langs med eit flott fjellvatn. Høge fjell kneisar mot himmelen på begge sider
  • Trivselsskogen - du har aldri sett ein skog som dette. 
  • Myklandsstøylen - Ein flott fjelldal med aktivt støylsdrift, geiter og majestetiske fjell.

Medium (3-5 timar)

  • Haugsvarden - Toppen lengst ut på Nordfjordryggen. Utsikt til 3 fjordar og vakre fjell
  • Svinestranda - Høgare enn Haugsvarden, men på same halvøya. Snill tur med krydra avslutning.

Utfordrande

  • Ryssdalshornet - Det ikoniske fjellet ein ser over Sandane sentrum. 
  • Eggenipa - Pyramiden i Våtedalen. Ein nydeleg rundtur som har litt av alt.
  • Breidalen rundt - 3 fjell over 1000 m.o.h. Både støylar, fjelldalar og høgfjell.
Og sjølvsagt; om du har andre ønskjer, hjelper vi deg gjere å realisere dei. Ta kontakt for eit godt tilbod.