Klatrekurs utandørs - 2 kveldar - 21. og 22. mars

 
 
For deg som ønskjer å ta steget frå klatrehallen og ut i friluft. På dette kurset lærer du alt du treng for trygt kunne klatre både topptau og led utandørs.

Kurset går over 2 kveldar 21. og 22. mars, og ein får innsikt og opplæring i alt ein treng av både utstyr og kunnskap for å klatre bolta ruter på etablerte klatrefelt. Vi går gjennom både knutar, sikring, led- og topptauklatring, toppanker og mykje meir.
Vi brukar vårt eige lokale klatrefelt på Sagefloten som arena for kurset. Dette er svært godt eigna både for nybyrjarar og for godt drivne klatrarar. Instruktøren er tindevegleder med solid erfaring og mykje kunnskap å dele av.

Informasjon:

  • Deltakarar: Minimum 3, maks. 6
  • Pris: 1900kr per pers.
  • Datoar: 21.-22. mars
  • Tidspunkt: Torsdag og fredag kl. 15-20

Inkludert:

  • Erfaren Tindevegleder (UIAGM/IFMGA)
  • Tau og ekspresslynger til klatringa

Dette ordnar du:

  • Personleg klatreutstyr (klatresele, klatresko, taubrems og skrukarabinar)
  • Transport
  • Overnatting
  • Vind- og vasstett yttertøy
  • varmt mellomlag (tjukk fleece/ull)
  • gode tursko
  • mat og drikke

Reiserute

  1. E39 30, Breim