Gjegnen - ein enorm tur i eit vilt landskap

Bestill nå! Forespørsel

Fra NOK 2'500

 
Frå 0 til 1670 moh, og tilbake igjen i eit område som både har kyst og alpint høgfjell.

Det heile startar med båt på Nordfjorden ein tidleg morgon, og ilandstigning på ein veglaus gard på Metteneset. Ein startar å bevege seg oppover gjennom skogen, får utsikt, og kjem etterkvart inn i eit vilt høgfjellsterreng med brear, mykje stein og turkise fjellvatn. Etter ei stund i taulag over breen, går ein vidare til Galleriet - eit utsiktspunkt på toppen av ein 1200 meter høg og tilnærma loddrett fjellvegg. Frå Galleriet er det lett gange vidare til toppen av Gjegnen på 1670 moh. Utsikta er av det storslåtte slaget - frå det opne havet i vest, til tindar i Sunnmørsalpane og majestetar i Indre Nordfjord og Sogn. Vi lagar turen til ein rundtur, og kjem etterkvart ned i ei anna veglaus bygd - Skjerdalen, der vi blir plukka opp av båt, og transportert tilbake til utgangspunktet.

Turen går altså frå 0 moh. til 1670 moh. og tilbake. Ein seriøs tur i eit utfordrande fjellområde - noko som set høge krav til fysisk form og god motivasjon. Her må ein ha erfaring i å vere ute og i aktivitet, i høgfjellet, ein heil dag, i vekslande vær og temperatur.

Informasjon:

  • Deltakarar: Minimum 3 - maks. 8
  • Pris: 2500 kr per pers.
  • Datoar: 2., 9., og 16. juli (tysdagar) (kan óg gjennomførast andre dagar på førespurnad)
  • Tidspunkt: kl. 08.00 - ca. 20-22.00 (12-14 timar)
  • Oppmøtestad: kaia på Hestenesøyra i Gloppen

Inkludert:

  • Erfaren guide
  • Breutstyr
  • Båttransport frå Hestenesøyra til Mettenes, og Skjerdalen til Hestenesøyra

Dette ordnar du:

  • Dagstursekk 30-40L
  • Vind- og vasstett yttertøy
  • Varmt mellomlag/eller isolasjonsjakke (tjukk fleece/ull eller dun/primaloft)
  • Vottar, hue og skjerf
  • Gode og kraftige tursko
  • Solbrille og solkrem
  • Rikeleg med mat og drikke

Fra NOK 2'500

Bestill nå! Forespørsel