Toppturhelg - 4 dagar i Kandalen i Nordfjord

Fra NOK 6'500

La ein dyktig lokal guide finne den gode snøen som gir deg den kjensla av flyt du leitar etter!

Kvifor?
  • Fordi Kandalen i Nordfjord er ei uoppdaga perle der sjansen for førstespor er stor.
Kva?
  • 4 dagar med flotte toppar, vestnorsk utsikt og gode opplevingar. Kva toppar og sider vi køyrer, blir bestemt ut frå vær og snøtilhøve. Men Kandalen er utgangspunktet vi jobbar ut frå! Skulle snøtilhøva seie at det er betre å utvide horisonten litt, gjer vi sjølvsagt dette for å finne den beste snøen.
  • Sander Buene er tindevegleder med mykje kunnskap og lokalkjennskap.
Kven?
  • For deg som vil kunnskapen til våre dyktige guidar skal gi deg den ekstra dimensjonen turen din treng; Den lokale kunnskapen og den profesjonelle tilnærminga til å finne den gode snøen!
Når?
  • 14. – 17. mars, og 21. – 24. mars. Oppmøte kvelden før for å bli kjende med gruppa over ein kopp kaffi (pils).
Overnatting:
  • Vi hjelper gjerne med å finne overnattingsstad. Kontakt oss, og vi vil anbefale ein stad som passar godt til deg.

Fra NOK 6'500

Bestill nå!

Høydepunkt

Inkludert:

  • Skredutstyr (sendar/mottakar, spade, søkestang)
  • Lunsjpakke til kvar dag
  • Lokal guide