Opplev Gloppefjorden frå kajakk

Fra NOK 990

Du kjem ikkje nærare fjorden enn med kajakk! Opplev det karakteristiske fjordlandskapet i Gloppen. Gloppefjorden er omringa av fjell på godt over 1200 meter, men dei flatar ut mot foten, så små vestlandsgardar har gode tilhøve for både fruktdyrking og dyrehald.

Det opne landskapet gir ei flott ramme rundt kajakkturen, og våre guidar tar deg med på ei reise både i natur og kultur. Vi padlar i nærleiken av eit fuglefredingsområde, så det er eit yrande fugleliv. 

På vegen nyt vi medbrakt niste frå lokale produsentar, og tillet været det, kan vi ta eit lite bad.

Uansett kva førkunnskapar du har, ønskjer vi at du blir med oss å utforske fjordlandskapet frå sjøen.

Fra NOK 990

Bestill nå!

Oppmøte er i Grandeparken i Sandane Sentrum. Vi padlar forbi notabua i Selvågane, og forbi småholmar og skjær der vanlegvis fuglar som blant anna skarv, hettemåse og svartbak held til. Vi rundar elveneset og får overblikk over det flotte kulturlandskapet på sørsida av Gloppefjorden. Været, gruppa og tida avgjer kva vi gjer vidare frå dette - men spennande og flott blir det i alle fall.

Om du ønskjer ein lenger eller skreddarsydd tur, send oss ein e-post, og vi kan vise deg mange skjulte skattar i Gloppenaturen.

Framsidebilde: Matilde Kvammen

Høydepunkt

  • Tid: 3 timar
  • Språk: Engelsk, norsk
  • Minimum: 3 personar
  • Inkludert: Kajakk, åre, flytevest, våtdrakt eller tørrdrakt, nistepakke.
  • Pris: 990 kr

Reiserute

  1. Sandane
  2. Selvågane - old boat house
  3. Birds birds birds
  4. The point where we decide to continue or go back.