Den kjekkaste sesongjobben i Nordfjord – bli guide for Gloppen Aktiv

I Gloppen Aktiv fokuserar vi på å gi gjestane våre naturopplevingar dei seint vil gløyme. Uansett om ein sit i ein kajakk, susar ned flotte stiar på sykkel, eller går i fredelege omgivnadar på fjellet, vil ein guide vere med på å gi opplevinga ein ekstra dimensjon. Vertskapsrolla, formidling og tryggleik er viktige punkt for ein god guide.

 

Vi ser etter guidar som ønskjer å jobbe for oss i sesongen 2019 – i hovudsak frå mai til september, med hovudtrykk på juni, juli og august.

 

Vi søker deg som er:

  • Dyktig i å leie grupper, og trivast som midtpunkt i ei forsamling.
  • Aktiv i ulike friluftsaktivitetar – gjerne stisykling, vandring og/eller kajakkpadling
  • Har kunnskap om trygg ferdsel i naturen
  • Lærevillig og open for nye idéar og arbeidsmetodar
  • Fleksibel i høve arbeidstid og mengd
  • Brenn for å gi gode opplevingar til dei som oppsøker naturen i Nordfjord
  • Snakkar flytande engelsk, og helst godt norsk.

 

Vi tilbyr:

  • Ein spennande og variert arbeidskvardag.
  • Høve til å vere utandørs på jobb
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Eit leikent og sprudlande arbeidsmiljø
  • Høve til utvikling av guidekompetanse

 

Arbeidstid/mengd

  • Etter avtale
  • Hovudsesong i juni, juli og august

 

Send CV og søknad til post@gloppenaktiv.no. Fokuset i søknaden skal vere på kva av dine eigenskapar/erfaringar som gjer deg til den vi leitar etter. Spørsmål kan rettast til prosjektleiar, Vidar Nyhammer på same e-postadresse (evt. Tlf: +47 908 06 607)

 

Søknadar vil bli evaluert fortløpande, og aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til intervju.

Søknadsfrist søndag 10. februar