Trad climbing - learn how to place gear - Course - 3 days

Ønskjer du å ta steget vidare til å klatre på eigne sikringar? Våre profesjonelle instruktørar gir deg ein god og trygg start. Kurset går over 3 dagar der ein møtast på ettermiddagen på torsdag og fredag, medan ein brukar dagen på laurdagen. Ein følgjer ein natureleg progresjon der ein dei to første kveldane øver seg å setje sikringar, lage standplassar og rappellere på kanskje Noregs beste opplæringsfelt for klatring; Sageflåten, før ein på laurdagen klatrar ei rute med fleire taulengder og får prøve ut taulagsrutiner i praksis. Informasjon: Deltakarar: Minimum 3, maks. 8 Pris: 4900 kr per pers. Datoar: 20.-22. juni og 27.-29. juni Tidspunkt: Torsdag og fredag kl. 15-21. Laurdag kl 9-16 Inkludert: Erfaren Tindevegleder (UIAGM/IFMGA) Sikringsmiddel til klatringa (men du kan bruke eigne om du ønskjer) Dette ordnar du: Transport Overnatting Vind- og vasstett yttertøy varmt mellomlag (tjukk fleece/ull) vottar, hue og skjerf gode tursko personleg klatreutstyr (sele, sko, hjelm og taubrems og skrukarabinar) mat og drikke

FromNOK 4'900
Book Now!

Klatrekurs utandørs - 2 kveldar - 21. og 22. mars

    For deg som ønskjer å ta steget frå klatrehallen og ut i friluft. På dette kurset lærer du alt du treng for trygt kunne klatre både topptau og led utandørs. Kurset går over 2 kveldar 21. og 22. mars, og ein får innsikt og opplæring i alt ein treng av både utstyr og kunnskap for å klatre bolta ruter på etablerte klatrefelt. Vi går gjennom både knutar, sikring, led- og topptauklatring, toppanker og mykje meir. Vi brukar vårt eige lokale klatrefelt på Sagefloten som arena for kurset. Dette er svært godt eigna både for nybyrjarar og for godt drivne klatrarar. Instruktøren er tindevegleder med solid erfaring og mykje kunnskap å dele av. Informasjon: Deltakarar: Minimum 3, maks. 6 Pris: 1900kr per pers. Datoar: 21.-22. mars Tidspunkt: Torsdag og fredag kl. 15-20 Inkludert: Erfaren Tindevegleder (UIAGM/IFMGA) Tau og ekspresslynger til klatringa Dette ordnar du: Personleg klatreutstyr (sele, sko, taubrems og skrukarabinar) Transport Overnatting Vind- og vasstett yttertøy varmt mellomlag (tjukk fleece/ull) gode tursko mat og drikke