Trad climbing - learn how to place gear - Course - 3 days

From NOK 4'900

Ønskjer du å ta steget vidare til å klatre på eigne sikringar? Våre profesjonelle instruktørar gir deg ein god og trygg start.

Kurset går over 3 dagar der ein møtast på ettermiddagen på torsdag og fredag, medan ein brukar dagen på laurdagen. Ein følgjer ein natureleg progresjon der ein dei to første kveldane øver seg å setje sikringar, lage standplassar og rappellere på kanskje Noregs beste opplæringsfelt for klatring; Sageflåten, før ein på laurdagen klatrar ei rute med fleire taulengder og får prøve ut taulagsrutiner i praksis.


Informasjon:

  • Deltakarar: Minimum 3, maks. 8
  • Pris: 4900 kr per pers.
  • Datoar: 20.-22. juni og 27.-29. juni
  • Tidspunkt: Torsdag og fredag kl. 15-21. Laurdag kl 9-16

Inkludert:

  • Erfaren Tindevegleder (UIAGM/IFMGA)
  • Sikringsmiddel til klatringa (men du kan bruke eigne om du ønskjer)

Dette ordnar du:

  • Transport
  • Overnatting
  • Vind- og vasstett yttertøy
  • varmt mellomlag (tjukk fleece/ull)
  • vottar, hue og skjerf
  • gode tursko
  • personleg klatreutstyr (sele, sko, hjelm og taubrems og skrukarabinar)
  • mat og drikke

From NOK 4'900

Book Now!