Fjelltur

  Vi kan guide deg der du ønskjer å gå. Den mest tilgjengelege turen med flott utsikt, er Haugsvarden. Dette er ein relativt enkel tur med god sti og fantastisk utsikt heile vegen. Her går ein forbi Tystadstøylen og over Norges lengste glop(trebru). På toppen ser ein både Gloppefjorden og Nordfjorden. Alt i alt er dettte ein flott tur som passer for dei aller fleste. Vi lagar gjerne mat i det fri eller sender med nistepakke fylt med lokale freistingar. Varighet: ca 3-4 timar Nivå: Middels Språk: Engelsk, norsk, nederlandsk Pris: NOK 500,- (inkludert bompenger) Oppmøte: Intersport Sandane (Sørstrandsvegen 6) Transport: Vi køyrer til Tystadstøylen Utstyr: Varme kle, regnkle dersom utrygt for nedbør, gode sko, drikkeflaske med vatn, niste Antal: Minimum 4 personar Noter i beskjedboksen ved bestilling dersom du har sjukdomar, allergiar eller liknande som vi bør ta hensyn til.