Utleige av sykkel

Vi leiger ut terrengsyklar og el-syklar inkludert sikkerheitsutstyr som hjelm og beskyttelse.  ​ DETTE ER INKLUDERT: Sikkerhetsutstyr: Hjelm, hanskar og kne-beskyttarar. ​Sykkelforsikring   HENTING OG LEVERING: Syklane kan hentast og leverast ved Intersport Sandane eller på Nordfjord Folkehøgskule.  Ta kontakt dersom det er ønskjeleg med ein annan hente- eller leveringsstad. Det kan komme tillegg i pris for frakt.   WIDERØE'S FLY AND BIKE: Dersom du bookar sykkel gjennom Widerøe's "Fly and Bike", så husk å gje oss beskjed om at du ønsker å hente sykkelen på flyplassen, kva type sykkel du ønsker samt ankomsttid. Dette kan noterast i notatfeltet ved bestilling. PRIS: Terrengsykkel: døgnleige kr 580,- El-sykkel: døgnleige kr 480,- Vi har 15 terrengsyklar og to el-syklar til utleige.    Ta gjerne kontakt for tilbod dersom du ønkjer å booke sykkel for meir enn eit døgn. Terrengsyklane er av typen GIANT 16 TRANCE 27.5. Fulldempa og Rocky Mountain 2018-modell   Vi oppmodar til å nytte sikkerheitsutstyr og å ta hensyn til veir og vind ved val av løype.  Vi anbefaler også at du tek med vindjakke og sekk med drikke på turen. 

Guida stisykling

Terrenget i Nordfjord er svært godt egna for stisykling.  Denne actionfylte sporten vert stadig meir populær og løypenettet stadig bedre. I Gloppen har vi gode forhold for stisykling. Vi kan tilby sikre turar med erfarne og kvalitetsbevisste guidar. I august 2018 blir eit nytt stisykkel-senter opna på Vereide. Stiane kan nyttast uansett ver, og er godt egna til nybegynnarar. Book gjerne eit nybegynnerkurs eller guiding i det nye senteret med oss.  Om ønskeleg kan vi lage mat i det fri, eller koke kaffi på bål. Noter i meldingsboksen ved bestilling. Vi avtaler pris på dette utifrå kva ønskjer de har.    Oppmøte: Intersport Sandane Transport: Vi køyrer i lag til startstaden Kle og sko: Sykkelsko eller joggesko, treningskle  Lengde: 3-4 timar Utstyr: Ta med deg ein sekk med ei ekstra varm jakke/fleece og litt mat og drikke Språk: Engelsk og norsk   Om du ikkje har stisykkel tilgjengeleg er det mulig å leige av oss. Dette er ikkje inkludert. Bestill sykkel når du bookar turen. Sikkerhetsutstyr som hjelm, knebeskyttar og alboge-beskyttar er inkludert når du leiger sykkel. Dersom du tek med din eigen sykkel, anbefalar vi sterkt at du nyttar ditt eige sikkerhetsutstyr.  * Ferdigheter, ver og vind er avgjerande for val av tur/løype den aktuelle dagen. Noter i meldingsboksen ved bestilling dersom du har sjukdommar, allergiar eller liknande som vi bør ta omsyn til.