Nybegynner stisykkelkurs

Har du lyst til å prøve ut stisykling? Vi tilbyr lavterskel nybegynnerkurs i stisykling, med fokus på teknikk, sikkerhet, god sykkelskikk og å ha det morro. Dette er noko alle kan vere med på! Start: Kl 10:00 Varighet: ca 4 timar Nivå: Enkelt Oppmøte: Gloppen Hotell.(Sørstrandsvegen 16) Transport: Vi køyrer i lag til startstaden Kle: Kle deg som om du skal på joggetur. Ta med deg en sekk med en ekstra jakke og litt mat og drikke. Sykkel og sykkelutstyr er det mulig å leige av Gloppen Aktiv. Bestill sykkel før guiding i tilfelle syklane er leigd ut. Antal: Vi må minimum ha to påmeldte for å gjennomføre turen.   * Ferdigheter, ver og vind er avgjerande for val av tur/løype den aktuelle dagen. Noter i meldingsboksen ved bestilling dersom du har sjukdommar, allergiar eller liknande som vi bør ta hensyn til.  

Moro ved Veslevatnet

AKTIVITETAR - FISKE - MATLAGING. Gapahuken ved Veslevatnet er ein stad for heile familien. Her er det mulig å gå små turar i nærleiken eller sette opp leikar for dei så har lyst til det. Det er også gode muligheter for å fiske. Dersom fiskelykka er på plass står det fisk på menyen som vi tilbreder saman på bål. Ved å delta på denne aktiviteten får du oppleve ekte, norsk friluftsliv på sitt beste. Oppmøte: Gloppen Hotell.(Sørstrandsvegen 16) Transport: Vi køyrer i lag til parkeringsplassen i Fitjedalen.   Send oss ein forespørsel for tilpassing av opplegget etter ønskje.

Klatrekurs: "Fra inne til ute"

Klatrekurs: "Fra inne til ute" 08 - 09.07.2107 Dette er kurset for deg som har klatra litt inne, men har eit ønskje om å komme deg ut. Det passer og bra for dei som har klatra litt før, men som treng ei oppfriskning. For å vere med bør du ha "brattkort", "topptaukort", eller tilsvarande kompetanse. Om du er i tvil, er det berre å ta kontakt! På kurset ser vi litt på teknikk og forflytning, men hovudfokuset er handtverket: Rappell ned for å etablere eit topptaufeste, å klatre på led, dynamisk sikring. Og kva er eigentleg eit sikkert topptaufeste, kva typar boltar finst, kva typar er gode, kan eg bruke eit tre? Dette er blant tinga vi skal gjennom. Målet er å gjere deltakarane sjølvstendige på å klatre ute på klatrefeltet.   Fokus på kurset: Sikring på topptau og ledklatring utandørs Klatring på topptau og led utandørs Klatreteknikk utandørs Etablering av topptaufeste "Treing" av toppanker Rappellering   Praktisk informasjon. Varer fra 09:00-17:00 begge dagene. Max 6 deltagere, Minimum 4 for at kurset skal bli gjennomført. Mat og drikke: Husk å ha med mat for lange dager ute. Ein sjokoladebit eller noko varmt på thermosen er heller ikkje noko ein brukar å angre på. Kle: Vi gjennomfører uansett ver, så kle deg godt! Regnkle om det kan bli regn og ekstra varmeplagg (f.eks ullgenser). Ver førebudd på at det kan bli noko stilleståing i løpet av kurset. Klatreutstyr Du må ha med: Klatresele Taubrems (tubebrems) 2 stk skrukarabinere Hjelm 1 stk 120 cm slynge Klemknute/prusik (!) Kjekt å ha: Tau (Vi har nokre, men hvis nokre tar med er det fint) Klatresko Kalkpose Ekspressynger 60 cm slynge Det er muleg å leige/låne noko utstyr, men vi har ikkje så mykje. Gje lyd om det er behov, så ser vi kva vi kan få til! Dette er utgangspunktet for kurset, men utifrå gruppe og forhold vil vi kunne gjere justeringar. Vel møtt! Kontaktinformasjon: 412 87 011. h.wegge@gmail.com https://www.facebook.com/Wegge-Adventures-314356275595318/?fref=ts. Kurset blir hold av Håkon wegge fra  Wegge adventures som er NF godkjent intruktør.