Aktivitetskalender!

Vi arbeider kontinuerleg for å skape gode opplevingar du kan bli med på!

 

Kajakk-turar: 

Torsdag 19. juli 1800-2100

Laurdag 21. juli 1100-1400

Onsdag 25. juli 1800-2100

Laurdag 28. juli 1100-1400

Onsdag 1. august 1800-2100

Onsdag 8. august 1800-2100

 

Guida turar med fulldempa sykkel i Vereide-skogen:

Torsdag 26. juli kl 10:00-13:00

Torsdag 2. august kl 14:00-17:00

Tysdag 7. august kl 10:00-13:00

Torsdag 16. august kl 14:00-17:00

Bli med oss på kajakk-eventyr! 

Opplev den fantastiske naturen i Gloppen frå kajakken! Du kjem tett på naturen på ein spesiell måte, fordi ein ikkje skremmer vekk fuglar eller dyr med motordur. Vi tilbyr 3-timers padle-turar på vår vakre Gloppefjord. Turen går frå eit naust nær Vereide kyrkje. Oppmøte ein halv time før turane, ved Vereide kyrkje. Meld deg på via facebook eller ved å ringe oss. Meld frå om du har sjukdomar vi bør kjenne til. Du treng ikkje å ha erfaring frå padling eller kajakk for å bli med på denne turen. 

 

Tid:  3 timar

Språk: Engelsk, Nederlandsk, norsk

Minimum: 3 personar

Inkludert: Kajakk, flytevest, årar, våtdrakt eller tørrdrakt, lett måltid. 

Ta med: ekstra skift med kle, ull-undertøy eller badetøy, vindjakke, drikke, solkrem og solbriller, slippers

Pris: Guida tur(3 timar) kostar 845 kroner per person. 

 

Bli med oss på sykkel-eventyr i skogen!

Vi syklar på stiar i Vereide-skogen, og kan bli med utan noko tidlegare erfaring med stisykling. 

Tid: 3 timar

Språk: Engelsk og norsk

Minimum: 2 personar

Inkludert: sykkel, hjelm, sikkerhetsutstyr, hanskar.

Ta med: drikke, sykkel-sko eller joggesko, lunsj. Du kan gjerne kle deg som om du skal på treningstur. 

Pris: Kr 1125 per person. 

Høydepunkt

Med kajakk kjem du tett på dyre- og fuglelivet langs fjorden. Er du heldig kan du sjå fisk som sprett og niser som vil halde oss med selskap på turen. 

Reiserute

  1. Vereide
  2. Andenes