Kajakk-tur og -kurs

Neste kajakk-tur blir 14. juli kl 11-14! Sjå aktivitetskalenderen for meir info.

Bli med oss på å utforske fjord-landskapet frå sjøen! Vi kan sjå kulturlandskapet som er bygd opp gjennom mange hundre år med dyrking av jord og skogbruk. Det rike fuglelivet er lett å kome tett på, når ein kjem stille i kajakk eller kano. Vi har også mange fine fjellvatn som er spennande å utforske, og vi kan ta med lokal lunsj som kan etast ute på ein av støylane som vart brukt til folk og dyr i tidlegare tider. 

Kajakk-tur og kurs, og tur med kano

 

Opplev den fantastiske naturen i Gloppen frå kajakken eller kanoen! Du kjem tett på naturen på ein spesiell måte, fordi ein ikkje skremmer vekk fuglar eller dyr med motordur. Vi tilbyr turar på vår vakre Gloppefjord eller på eit av våre fjellvatn. 

Vi tilbyr også padle-kurs på alle nivå, frå nybegynnarar til meir erfarne. Kontakt oss for kurs eller tur med ein av våre guidar. Du kan også leige kajakk eller kano og padle på eiga hand. 

På guida turar tek vi med lunsj og dette er inkludert i prisen. 

 

Tid:  3 timar

Språk: Engelsk, Nederlandsk, norsk

Minimum: 2 personar

Inkludert: Kajakk eller kano, flytevest, årar, våtdrakt eller tørrdrakt, lunsj (på guida tur). 

Pris: Guida tur(3 timar) kostar 845 kroner per person. Leige av kajakk eller kano kostar 490 kroner for ein dag.

Høydepunkt

  • Hyen (Holme til Kleppenes) 
  • Langedalen
  • Breimsvatnet
  • Gloppefjorden (Brynjesteinen til gapahuken ved Andenes)

Reiserute

  1. Sandane