Fiske- og båttur

Forespørsel

Frå fjorden har du fantastisk utsikt til landskapet og fjella som omkransar fjorden. Vi kan ta ein fin båttur rundt fjorden der du får sjå fjella og landskapet, og vi kan sjå etter niser og ulike fuglar. Dersom du ønskjer finn vi fram fiske-utstyret. Alt etter kva tid det er på året, så kan vi få torsk, makrell, flyndre, sei og lange. Vi har ikkje ekko-lodd ombord, så vi må prøve lukke på kjente, lokale fiskeplassar som har blitt brukt i generasjonar.

Båten tek maksimum tre vaksne eller to vaksne og to born. Vi har flytevest til alle, dette er obligatorisk å ha på. 

 

Tid: 3 timar

Språk: Engelsk, nederlandsk, norsk

Minimum: 2 personar

Pris: NOK 750 kroner for ein vaksen og 350 kroner for born under 12 år

Inkludert: fiskeutstyr, kaffi og te, kjeks og juice

Møtestad: Intersport Sandane, Sørstrandsvegen 6

Forespørsel

Vi går saman frå Intersport Sandane og til gjestebrygga, der båten ligg klar. Vi tek dykk med på ein rundtur på fjorden, og dersom de ønskjer det, prøver vi fiskelukka. 

Høydepunkt

  • eit nydeleg landskap med aktivt landbruk og fantastiske fjell
  • er vi heldige kan vi sjå niser, ørn, sel (kobbe), oter og ulike fuglar

Reiserute

  1. Sandane