Klatrekurs: "Fra inne til ute"

Klatrekurs: "Fra inne til ute" 08 - 09.07.2107

Dette er kurset for deg som har klatra litt inne, men har eit ønskje om å komme deg ut. Det passer og bra for dei som har klatra litt før, men som treng ei oppfriskning. For å vere med bør du ha "brattkort", "topptaukort", eller tilsvarande kompetanse. Om du er i tvil, er det berre å ta kontakt!

På kurset ser vi litt på teknikk og forflytning, men hovudfokuset er handtverket: Rappell ned for å etablere eit topptaufeste, å klatre på led, dynamisk sikring. Og kva er eigentleg eit sikkert topptaufeste, kva typar boltar finst, kva typar er gode, kan eg bruke eit tre? Dette er blant tinga vi skal gjennom.

Målet er å gjere deltakarane sjølvstendige på å klatre ute på klatrefeltet.
 

Fokus på kurset:

  • Sikring på topptau og ledklatring utandørs
  • Klatring på topptau og led utandørs
  • Klatreteknikk utandørs
  • Etablering av topptaufeste
  • "Treing" av toppanker
  • Rappellering
     

Praktisk informasjon.

Varer fra 09:00-17:00 begge dagene.
Max 6 deltagere,
Minimum 4 for at kurset skal bli gjennomført.

Mat og drikke:
Husk å ha med mat for lange dager ute. Ein sjokoladebit eller noko varmt
på thermosen er heller ikkje noko ein brukar å angre på.

Kle:
Vi gjennomfører uansett ver, så kle deg godt! Regnkle om det kan bli regn og ekstra varmeplagg (f.eks ullgenser). Ver førebudd på at det kan bli noko stilleståing i løpet av kurset.


Klatreutstyr
Du må ha med:

  • Klatresele
  • Taubrems (tubebrems)
  • 2 stk skrukarabinere
  • Hjelm
  • 1 stk 120 cm slynge
  • Klemknute/prusik (!)

Kjekt å ha:

  • Tau (Vi har nokre, men hvis nokre tar med er det fint)
  • Klatresko
  • Kalkpose
  • Ekspressynger
  • 60 cm slynge

Det er muleg å leige/låne noko utstyr, men vi har ikkje så mykje. Gje lyd om det er behov, så ser vi kva vi kan få til!

Dette er utgangspunktet for kurset, men utifrå gruppe og forhold vil vi kunne gjere justeringar.

Vel møtt!


Kontaktinformasjon:

412 87 011.
h.wegge@gmail.com
https://www.facebook.com/Wegge-Adventures-314356275595318/?fref=ts.

Kurset blir hold av Håkon wegge fra  Wegge adventures som er NF godkjent intruktør.

Reiserute

  1. Gloppen (NO)