• Autentiske opplevingar i hjartet av Nordfjord


    Det flotte med Nordfjord og Gloppen er den frodige, varierte og tilgjengelege naturen

     

  • Autentiske opplevingar i hjartet av Nordfjord


    Det flotte med Nordfjord og Gloppen er den frodige, varierte og tilgjengelege naturen

     

  • Autentiske opplevingar i hjartet av Nordfjord


    Det flotte med Nordfjord og Gloppen er den frodige, varierte og tilgjengelege naturen

     

  • Autentiske opplevingar i hjartet av Nordfjord


    Det flotte med Nordfjord og Gloppen er den frodige, varierte og tilgjengelege naturen

     

  • Autentiske opplevingar i hjartet av Nordfjord


    Det flotte med Nordfjord og Gloppen er den frodige, varierte og tilgjengelege naturen

     

  • Autentiske opplevingar i hjartet av Nordfjord


    Det flotte med Nordfjord og Gloppen er den frodige, varierte og tilgjengelege naturen

     

Fiske- og båttur

Frå fjorden har du fantastisk utsikt til landskapet og fjella som omkransar fjorden. Vi kan ta ein fin båttur rundt fjorden der du får sjå fjella og landskapet, og vi kan sjå etter niser og ulike fuglar. Dersom du ønskjer finn vi fram fiske-utstyret. Alt etter kva tid det er på året, så kan vi få torsk, makrell, flyndre, sei og lange. Vi har ikkje ekko-lodd ombord, så vi må prøve lukke på kjente, lokale fiskeplassar som har blitt brukt i generasjonar. Båten tek maksimum tre vaksne eller to vaksne og to born. Vi har flytevest til alle, dette er obligatorisk å ha på.    Tid: 3 timar Språk: Engelsk, nederlandsk, norsk Minimum: 2 personar Pris: NOK 750 kroner for ein vaksen og 350 kroner for born under 12 år Inkludert: fiskeutstyr, kaffi og te, kjeks og juice Møtestad: Intersport Sandane, Sørstrandsvegen 6

Fjelltur

Guida tur Vi kan guide deg der du ønskjer å gå. Den mest tilgjengelege turen med flott utsikt, er Haugsvarden. Dette er ein relativt enkel tur med god sti og fantastisk utsikt heile vegen. Her går ein forbi Tystadstøylen og over Norges lengste glop(trebru). På toppen ser ein både Gloppefjorden og Nordfjorden. Alt i alt er dettte ein flott tur som passer for dei aller fleste. Vi lagar gjerne mat i det fri eller sender med nistepakke fylt med lokale fristelsar. Varighet: ca 3-4 timar Nivå: Middels Språk: Engelsk, norsk, nederlandsk Pris: NOK 500,- (inkludert bompenger) Oppmøte: Intersport Sandane (Sørstrandsvegen 6) Transport: Vi køyrer til Tystadstøylen Utstyr: Varme kle, regnkle dersom utrygt for nedbør, gode sko, drikkeflaske med vatn, niste Antal: Minimum 4 personar Noter i beskjedboksen ved bestilling dersom du har sjukdomar, allergiar eller liknande som vi bør ta hensyn til.  

Guida stisykling

Terrenget i Nordfjord er svært godt egna for stisykling.  Denne actionfylte sporten vert stadig meir populær og løypenettet stadig bedre. I Gloppen har vi gode forhold for stisykling. Vi kan tilby sikre turar med erfarne og kvalitetsbevisste guidar. I august 2018 blir eit nytt stisykkel-senter opna på Vereide. Stiane kan nyttast uansett ver, og er godt egna til nybegynnarar. Book gjerne eit nybegynnerkurs eller guiding i det nye senteret med oss.  Om ønskeleg kan vi lage mat i det fri, eller koke kaffi på bål. Noter i meldingsboksen ved bestilling. Vi avtaler pris på dette utifrå kva ønskjer de har.    Oppmøte: Intersport Sandane Transport: Vi køyrer i lag til startstaden Kle og sko: Sykkelsko eller joggesko, treningskle  Lengde: 3-4 timar Utstyr: Ta med deg ein sekk med ei ekstra varm jakke/fleece og litt mat og drikke Språk: Engelsk og norsk   Om du ikkje har stisykkel tilgjengeleg er det mulig å leige av oss. Dette er ikkje inkludert. Bestill sykkel når du bookar turen. Sikkerhetsutstyr som hjelm, knebeskyttar og alboge-beskyttar er inkludert når du leiger sykkel. Dersom du tek med din eigen sykkel, anbefalar vi sterkt at du nyttar ditt eige sikkerhetsutstyr.  * Ferdigheter, ver og vind er avgjerande for val av tur/løype den aktuelle dagen. Noter i meldingsboksen ved bestilling dersom du har sjukdommar, allergiar eller liknande som vi bør ta omsyn til. 

Historisk tur i Gloppen

Gloppen har mange interessante historiske attraksjonar å sjå. For eksempel; Russehola på Sande, som var gøymestad for fire russiske fangar under 2. verdskrig. Lokale heltar sette eige liv i fare for å hjelpe fangane.  Vi kan ta deg med på tur rundt fjorden, for å besøke stein-kors ved Vereide kyrkje og på Rygg, og i Hyen kan vi vitje Columbus-parken der du kan sjå eit spektakulært fjord-landskap og høyre historia bak statua av Columbus.  Vi kan vitje Karnilstunet og sjå gravhaugane og høyre historia om Eide-høvdingen.    Tid: omlag 3 timar Språk: Engelsk, nederlandsk og norsk Minimum: 4 personar Pris: 500 kroner per person Inkludert: guiding, bil, lokal juice Møtestad: Intersport Sandane 

Utleige av sykkel

Vi leiger ut terrengsyklar og el-syklar inkludert sikkerheitsutstyr som hjelm og beskyttelse.  ​ DETTE ER INKLUDERT: Sikkerhetsutstyr: Hjelm, hanskar og kne-beskyttarar. ​Sykkelforsikring   HENTING OG LEVERING: Syklane kan hentast og leverast ved Intersport Sandane eller på Nordfjord Folkehøgskule.  Ta kontakt dersom det er ønskjeleg med ein annan hente- eller leveringsstad. Det kan komme tillegg i pris for frakt.   WIDERØE'S FLY AND BIKE: Dersom du bookar sykkel gjennom Widerøe's "Fly and Bike", så husk å gje oss beskjed om at du ønsker å hente sykkelen på flyplassen, kva type sykkel du ønsker samt ankomsttid. Dette kan noterast i notatfeltet ved bestilling. PRIS: Terrengsykkel: døgnleige kr 580,- El-sykkel: døgnleige kr 480,- Vi har 15 terrengsyklar og to el-syklar til utleige.    Ta gjerne kontakt for tilbod dersom du ønkjer å booke sykkel for meir enn eit døgn. Terrengsyklane er av typen GIANT 16 TRANCE 27.5. Fulldempa og Rocky Mountain 2018-modell   Vi oppmodar til å nytte sikkerheitsutstyr og å ta hensyn til veir og vind ved val av løype.  Vi anbefaler også at du tek med vindjakke og sekk med drikke på turen.